Anders Fannemel frå Hornindal fekk det ikkje heilt til å klaffe i dagens hopprenn i russiske Nizhnij Tagil etter å ha hoppa lengst i kvalifiseringa i går.

Fannemel kom med til finaleomgangen som 30. og sistemann etter eit hopp på 127 meter.

I finaleomgangen la honndølen på til 131 meter, eit godt hopp ifølgje kommentatorane på NRK. Fannemel vart til slutt nummer 22 på det som må seiast å vere ein god norsk dag. Johann Andre Forfang vart nummer tre og Daneil Andre Tande vart nummer to. Vann gjorde tyskaren Richard Freitag.

I morgon går eit nytt renn av stabelen i Russland.