Då broder Johannes skuffa noko så klinka storebror Tarjei Bø til med siger på sprinten over 10 kilometer i Østersund i dag. I mål var stryningen 0,7 sekund føre Martin Fourcade. Dermed tok han sin første individuelle siger i verdscupen sidan 2013 då han vann i Holmenkollen.

Med feilfri skyting på liggande låg Tarjei Bø heilt i tet. Det gjorde han også utover i løpet, men ein bom på ståande gjorde at det vart sekundstrid inn mot mål. 500 meter før mål hadde 29-åringen 0,9 sekund å gå på til Fourcade, og takka vere ein knallsterk spurt heldt det heilt inn.

Landslagstrenar Egil Kristiansen var ein glad mann då løpet var over:

- Ein fantastisk prestasjon av Tarjei, og så fortent etter all motgangen han har hatt, seier Kristiansen til Fjordingen.

Han var elles nøgd med Johannes i løypa, men at tre bomskot øydela løpet.

- Eg gjekk heilt i kjellaren i dag, sa ein tydeleg rørt Tarjei Bø til NRK etter løpet.

Med dagens siger går også Tarjei Bø først ut på jaktstarten i morgon. Johannes Thingnes Bø går ut som nummer 11, 34 sekund bak Tarjei.