Det var stilt visse forventningar til Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø før jaktstarten i skiskyting i ettermiddag.

Etter gårsdagens siger, Tarjei sin første i verdscupen sidan 2013,  gjekk stryningen først ut på jaktstarten med franskmannen Martin Fourcade rett i hælane. Johannes starta godt halvminuttet bak, og hadde nok eit visst håp om pallplassering.

- Målet til Tarjei blir å henge på Fourcade for så å ta han på slutten, sa landslagstrenar Egil Kristiansen til Fjordingen før start.

- Johannes vil også revansjere gårsdagen.

Markaneløparane hang godt med fram til ståande skyting. Tre bom på Tarjei og to på Johannes sende dei imidlertid ut av kampen om øvste steget på pallen, men framleis var det håp om ei god plassering.

Men med nye bom på siste ståande vart det for tungt, og i mål vart Johannes nummer 13 og Tarjei nummer 19. Martin Fourcade vann suverent,  og han bomma berre ein gong.