Stryn sitt herrelag i 2. divisjon handball måtte også sjå seg slått av St. Hallvard 2 på sin tur til Austlandet i helga. 17-14 i favør heimelaget til pause vart til 36-27 ved full tid. I går vart det 35-33 tap for Falk Horten 2.

Stryn fekk ein god start på kampen mot St. Hallvard sitt andrelag, og før fire minutt var gått stod det 4-2 til Oddbjørn Håvik og lagkameratane. Ein lengre måltørke midt i første omgang førte derimot til at heimelaget tok føringa inn mot kvilen.

Andre omgang starta med fire kjappe mål til St. Hallvard 2 før Stryn kvitterte. Nærare enn fire mål bak kom ikkje Stryn, og dermed reiser laget heim igjen med null poeng på sine to kampar i helga.

Stryn ligg under nedrykksstreken med sine fire poeng, men vegen oppover på tabellen er ikkje avskrekkande. To kampar står att før jul, borte mot Stord og FyllingenBergen 2.