Først måtte regjeringa kvittere ut ei lærarnorm dei ikkje ville ha.No kjem det krav om minst éin time fysisk aktivitet i skulen kvardag.

KrF vil støtte eit forslag om ei ordning som sikrar elevar på1. til 10. trinn minst éin time fysisk aktivitet kvar dag, innanfortimetalet ein har i dag. Dermed vil opposisjonspartia ha fleirtalfor å be regjeringa fremme ei sak om dette for Stortinget. Det erklart etter at helse- og omsorgskomiteen gav innstillinga si tilrepresentantforslaget, som opphavleg blei fremja av Senterpartiet.Noko votering i salen er altså ennå ikkje sett i verk.

15 år med venting

– Senterpartiet føreslo ein time fysisk aktivitet i skulenallereie i 2003, og debatten har no vart i nesten 15 år. Difor erdette ein stor dag i Stortinget i dag når vi no endeleg har samlaeit fleirtal for forslaget, seier Kjersti Toppe (Sp) til NTB.

–Dette vil ikkje berre gi betre folkehelse, men også bidra til atnorske elevar vil få meir aktiv og morosam skulekvardag. Dette vilgjere at færre elevar blir skuleleie og vil kunne reduserefråfallet seinare, seier ho. Regjeringspartia ville ha ei mjukareformulering, der det blei vist til eit gjennomsnitt med éin timemed fysisk aktivitet dagleg.

Tiltak mot mark i rumpa

NicholasWilkinson i SV jublar etter komitémøtet, som han beskriv som einstor siger for ein praktisk og variert skuledag – og forfolkehelsa.

– Ein av dei viktige brikkene i heildagsskulen til SVkjem no på plass. Dette er ekstra viktig for gutar med mark irumpa. Men alle barn har godt av å bevege seg, seier han.Regjeringspartia fekk av KrF påtvunge ei lærarnorm dei ikkje ønskteunder budsjettforhandlingane på Stortinget.

– Eg har ikkje endrastandpunkt, men forsonar meg ganske raskt med slike ting, sakunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NTB då han måndag vartilbake på jobb etter pappapermisjon.

No må han forsone seg medenda ei skulereform han ikkje har initiert.

(NPK)