Fleirtal for éin time dagleg fysisk aktivitet i skulen

Illustrasjonsbilde.  Foto: Rune Johansen

New Articles

Først måtte regjeringa kvittere ut ei lærarnorm dei ikkje ville ha. No kjem det krav om minst éin time fysisk aktivitet i skulen kvar dag.

KrF vil støtte eit forslag om ei ordning som sikrar elevar på 1. til 10. trinn minst éin time fysisk aktivitet kvar dag, innanfor timetalet ein har i dag. Dermed vil opposisjonspartia ha fleirtal for å be regjeringa fremme ei sak om dette for Stortinget. Det er klart etter at helse- og omsorgskomiteen gav innstillinga si til representantforslaget, som opphavleg blei fremja av Senterpartiet. Noko votering i salen er altså ennå ikkje sett i verk.

15 år med venting

– Senterpartiet føreslo ein time fysisk aktivitet i skulen allereie i 2003, og debatten har no vart i nesten 15 år. Difor er dette ein stor dag i Stortinget i dag når vi no endeleg har samla eit fleirtal for forslaget, seier Kjersti Toppe (Sp) til NTB.

– Dette vil ikkje berre gi betre folkehelse, men også bidra til at norske elevar vil få meir aktiv og morosam skulekvardag. Dette vil gjere at færre elevar blir skuleleie og vil kunne redusere fråfallet seinare, seier ho. Regjeringspartia ville ha ei mjukare formulering, der det blei vist til eit gjennomsnitt med éin time med fysisk aktivitet dagleg.

Tiltak mot mark i rumpa

Nicholas Wilkinson i SV jublar etter komitémøtet, som han beskriv som ein stor siger for ein praktisk og variert skuledag – og for folkehelsa.

– Ein av dei viktige brikkene i heildagsskulen til SV kjem no på plass. Dette er ekstra viktig for gutar med mark i rumpa. Men alle barn har godt av å bevege seg, seier han. Regjeringspartia fekk av KrF påtvunge ei lærarnorm dei ikkje ønskte under budsjettforhandlingane på Stortinget.

– Eg har ikkje endra standpunkt, men forsonar meg ganske raskt med slike ting, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NTB då han måndag var tilbake på jobb etter pappapermisjon.

No må han forsone seg med enda ei skulereform han ikkje har initiert.

(NPK)