Kvart år lagar Google lister over dei mest populære søka, noko som kan fortelje oss litt om kva vi var opptatt av i året som gjekk. Ifølge Google Norge er dette dei mest populære søka i Norge i 2017;

Bitcoin: Samstundes som Bitcoin-kursen har skote i veret har nordmenn si interesse for kryptovalutaen auka, og i 2017 har vi både sett ein stor auke i søk på kva bitcoin er korleis eon kan kjøpe valutaen. I relaterte valuta-nyheuter kjem “nye sedlar” inn på plass nummer sju over nyhende vi var opptatt av i 2017.

Kjendisar: Reality kan gi karrieren eit skikkeleg oppsving, og på toppen av listene over norske kvinner og menn finn vi Farmen kjendis-vinnar Lothepus og Åse Kleveland, som deltok på "Hver gang vi møtes". Helene Olafsen vann "Skal vi danse", og kom til finalen i "Mesternes mester", men kom berre på femteplass over norske kvinner i søkjarlista for 2017.

Valet: Stortingsvalget pregar alltid listene over mest populære søk i dei åra det er val, og 2017 var ikkje noko unntak. Toppsøket i 2017, det vil si det som auka mest, var “valgomat”. Det vart skrive mykje om sperregrensa, og kva parti som kunne falle under eller krype over.  “Kva er sperrefrist” er det nest mest populære “kva er…”-søket i 2017. På andreplass over korleis-søka kjem “korleis røyste”.

Den einaste politikaren på lista over norske kvinner og menn er Jonas Gahr Støre, og Arbeiderpartiet kom rett framfor Høgre på hovudlista til Google. Kanskje er det eit lite plaster på såret etter at regjeringsmakta glapp.

Oppskrifter: Årets mest trendy oppskrifter og matrettar er ein fin blanding av klassikarar og nyskapningar. Her finn vi nemlig både lammelår, drops (!), sjokoladepizza og fårikål, medan Aperol Spritz er den første og einaste drikken på topp ti.

Det vi alltid lurer på: Nordmenn blir aldri ferdig med å spørje om kvifor vi stiller klokka, kvifor ein blir støl og korleis ein skriv ein jobbsøknad. Til forskjell frå tidlegere år har vi i 2017 og vore opptatt av korleis ein senkjer blodsukkeret, lastar ned frå Netflix og korleis ein skrellar granateple.

I 2017 var det eit par klassikarar som forsvann ut. Nordmenn lurer ikkje lenger på korleis ein koker egg eller korleis ein blir gravid.

Vi var og interessert i ideologi (tredjeplass på "kva er- " lista) Vi spurde og Google kva er ein feminist, kva er sosialisme, kva er eit etisk dilemma og kva er ein narsissist. Nordmenn spør ofte Google korleis ein får hold (sting) men her finn ein ikkje svar. I følge Forskning.no har vitenskapen ikkje noko godt svar på akkurat det.