Stryn Handel sin julemarknad i Stryn kulturhus fekk full klaff. Alt før marknaden opna byrja kundane å kome, og det vart folksamt i foajéen der folk kunne handle alt frå pølser og skinn til foto, glaskunst, barnekle, juletrekuler og heimelaga gelé. Fleire snakka om "til neste år", så det var tydeleg at både utstillarar og kundar ser føre seg at dette blir ein fast tradisjon. Kombinasjonen med langopne butikkar såg etter handleposane å døme også ut til å ha fungert bra.

Mange vaksne kosa seg med kakao, kaffi eller gløgg medan borna deltok på juleverkstad eller var på kino. Sjølvsagt kom nissen innom, og det same gjorde ein flokk frå Stryn Ping Pong Club. Denne gongen utan lederhosen, no var det julesongar det gjaldt.

Og julestemning vart det, med Det lyser i stille grender, ein frisk og feiande versjon av Du grønne, glitrende tre, goddag og sjølvsagt Deilig er jorden.

Sporty å stille på kort varsel, forsikra arrangørane, som var svært takknemlege for innsatsen.

- No kan jula berre kome! fastslo Wenche Aaning frå aktivitetsgruppa i Stryn Handel.