Johannes Thingnes Bø hadde sjansen til å ta tilbake leiartrøya i verdscupen frå franske Martin Fourcade dersom han vann dagens fellesstart - føresett at franskmannen ikkje kom på pallen.

Men denne trøya hadde Fourcade slettes ikkje tenkt å gje frå seg. Johannes gjekk opp i front og sette fart fem minutt etter start, følgde franskmannen på hjul og feltet strekte seg ut. Tarjei Bø var også med i tetklynga inn mot første skyting.

Her skaut Martin Fourcade og Tarjei Bø fullt, medan Johannes fekk ein dårleg start, måtte ut i to strafferunder og gjekk ut 38 sekund bak teten.

Herfrå og inn skaut Johannes Thingnes Bø og Martin Fourcade fulle hus begge to, og stryningen tok jamnt og trutt innpå.

Ut frå første ståande skyting var han 20 sekund bak og oppe på ein 4. plass. Etter siste skyting sette han opp eit forrykande tempo og passerte både Shipulin og Lesser som låg på 2. og 3. plass. Men Fourcade vart for sterk. Etter å ha blitt slegen av Johannes Thingnes Bø to dagar på rad fekk han endelig ein siger på heimebane, medan stryningen sikra seg ein ny pallplass, berre 3,9 sekund bak Fourcade i mål.

- Eit heilt enormt langrenn, sa NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde, og minna om at Johannes hadde to strafferunder.

Tarjei fekk ei strafferunde på dei tre siste skytingane, men enda på ein fin 11. plass.

- Eg får vel nesten meir enn eg fortener med den starten eg hadde, sa Johannes Thingnes Bø til NRK rett etter løpet, og fortalde at han vart stressa og ikkje greidde å fokusere heilt på seg sjølv på første skyting.

Markane-løparen la til var han svært godt nøgd med helga sett under eitt og heile starten på sesongen.

Martin Fourcade på si side kan feire både jul og nyttår med guletrøya.