Etter eit godt hopp på 129 meter i første omgang låg Anders Fannemel heilt i toppen i opningsrennet i hoppveka i ettermiddag. Etter første omgang delte honndølen 4. plassen med Kamil Stoch frå Polen, og var berre 4,4 poeng bak Stefan Kraft frå Austerrike som leda etter at første hopp var gjennomført.

Fannemel var likevel ikkje heilt fornøgd med førstehoppet, og meinte han hadde vore noko heldig med forholda.

I andre omgang greidde ikkje Fannemel å følgje opp førstehoppet, og strekte seg ikkje lenger enn 124,5 meter. Det heldt til å bli beste nordmann, og han delte sjuandeplassen med lagkameraten Johann Andre Forfang.

- Det var eigentleg eit greitt andrehopp, og eg følte det gjekk bra over kulen, men høgre skia "forsvann" litt i lufta. Eigentleg var det greie forhold, sa Fannemel til NRK, som trass alt var godt fornøgd med gjennomføringa i Oberstdorf.

Både landslagssjef Clas Brede Bråthen og landslagstrenar Alexander Stöckl gav honndølen godkjent karakter etter rennet.

Kamil Stoch (Polen) vann rennet, framfor Richard Freitag (Tyskland) og Dawid Kubacki (Polen).

Allereie i morgon, søndag, er det klart for kvalifisering til nyttårshopprennet i Garmish Partenkirchen.