Småpent av Fannemel

Kvalifisert Anders Fannemel er med i opningsrennet i hoppveka i ettermiddag.Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Med eit småpent hopp på 123 meter kvalifiserte Anders Fannemel seg i går til opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka i Oberstdorf. Fannemel vart til slutt nummer 20. Richard Freitag frå Tyskland vann kvalifiseringa.

Landslagssjef Clas Brede Bråthen seier at kvalifiseringshoppet til Fannemel var ok, og han er nøgd med at honndølen er med når det verkeleg gjeld laurdag ettermiddag.

- Vi satsar på litt framgang og litt meir flyt laurdag, seier Bråthen i ein kommentar til Fjordingen.