Storeslem i KM

Til topps Martin Aaland (Hardbagg) var ein av fleire frå indre Nordfjord som gjekk til topps i langrenns-KM laurdag.Foto: Markane IL

KM i langrenn Frå venstre: Emilie Flo Stavik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Ann Kristin Aaland, Torje Seljeset, Gunn Kristi Tvinnereim, Tord Sølvberg, Oskar Guddal Breivik og Martin Aaland.Foto: Markane IL

New Articles

Det vart tilnærma storeslem då våre lokale langrennsløparar i aldersbestemte klassar gjekk KM i fristil laurdag, og den eine etter den andre noterte seg for sterke resultat i skiløypene på Langeland utanfor Førde.

Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg) vann klasse J16, Emilie Flo Stavik (Markane) vann klasse J15 framfor klubbveninne Maren Hjelmeset Kirkeeide, Ann Kristin Aaland (Hardbagg) gjekk til topps i klasse J14, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (Markane) vann klasse J13, og Inger Hjelmeset (Markane) vann klasse J12 like framfor Katrine Svarstad Heggdal, også ho frå Markane. Olina Svarstad Heggdal (Markane) vart nummer tre i klasse J9, medan Kornelia Trøsken (Markane) vart nummer fire.

Også blant gutane gjekk det strålande. Vegard Skrede frå Hardbagg tok femteplass i klasse M19-20, Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane) vann klasse M18, og Martin Aaland (Hardbagg) vann klasse M17 med Magnus Seljeset frå Hornindal på ein flott tredjeplass.  I klasse G16 vart Oskar Guddal Breivik (Markane) nummer ein, Tord Sølvberg frå IL Veten vann klasse G15, og Torje Seljeset (Markane) vann klasse G13.

Meir om KM i langrenn i papiravisa.