Klar for nyttårshopprennet

Kvalifisert Anders Fannemel blir å sjå i nyttårshopprennet i Garmish Partenkirchen første nyttårsdag.Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel er klar til morgondagens nyttårshopprenn i Garmish Partenkirchen etter eit hopp på 132 meter i kvalifiseringa.

- Ei grei gjennomkøyring av Fannemel, og han viser stabilt god form for tida, var konklusjonen til kommentatorane i NRK.

Johann Andre Forfang vann kvalifiseringa, medan Fannemel vart nummer 14.

Honndølen er saman med lagkamerat Johann Andre Forfang beste nordmann i samandraget etter opningsrennet i Oberstdorf laurdag.

Til nyttårsrennet i morgon er det venta over 30.000 tilskodarar.