Anders på pallen

Tredjeplass Anders Fannemel imponerte i nyttårshopprennet i ettermiddag med tredjeplass.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel imponerer i hoppveka og vart nummer tre i det prestisjefylte nyttårhopprennet i Garmish Partenkirchen i ettermiddag.

Fannemel, som viser stabilt god form, hadde ikkje problem med å kvalifisere seg til nyttårsrennet i Garmish Partenkirchen. Dermed fekk han også oppleve å delta i rennet som ofte blir omtala som det største enkeltrennet i hoppsirkuset utanom OL og VM. Over 30.000 tilskodarar skapte stor stemning rundt bakken, og med 132,5 meter og femteplass etter førstehoppet var Fannemel best av dei norske.

– Eg håpar på eit endå betre hopp i andre omgang. Eg er nær, men er ganske kritisk til meg sjølv og har meir å gå på, sa Fannemel etter hoppet.

Og honndølen hadde meir inne i andre omgang, og Fannemel la på til 136,5 meter i andrehoppet, noko som til slutt heldt til ein tredjeplass.

– Anders mangla litt høgde i sistehoppet, men ein godt gjennomført konkurranse, meinte NRK-ekspert Johan Remen Evensen.

Med tredjeplass i rennet, bak Kamil Stoch frå Polen og Richard Freitag frå Tyskland, heng Fannemel godt med i kampen om ei topplassering samandraget før hoppveka går inn i siste fase i Innsbruck og Bischofshofen seinare i veka. Fannemel er på femteplass, noko som også gjer han til beste nordmann etter dei to første renna i hoppveka.