Svøm langt-kampanjen i gang

Svøm langt Svøm langt-kampanjen startar i dag og held fram til 31. mars.Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Symjing er ein av dei mest brukte aktivitetane for å mosjonere i Norge. Norges Svømmeforbund har sidan 1997 organisert ”Svøm langt- kampanjen”, som ein årleg mosjonskampanje retta mot å synliggjere og styrke symjing som trenings- og mosjonsaktivitet.

"Svøm langt" føregår i perioden 1. januar til 31. mars kvart år. Kampanjen skiftar namn kvart år avhengig av kva for eit reisemål hovudpremien har. Hensikta er å skape gode mosjonsvanar for den norske befolkninga ved å motivere alle til å bruke symjehallen som ein arena for fysisk aktivitet.

- Hovudpremiane i kampanjen 2018 er reiser til den greske øya Kos. Det er ein hovedpremie til born og ein til vaksne. Hovedpremiene trekkast ut blant alle som har klart målet i kampanjen. I tillegg vil vi première våre lokale deltakarar med flotte premiar frå symjehallen og Stryn kulturhus, opplyser kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen.