Turistar vil reise som lokale

Illustrasjonsbilde.Foto: Ingrid Kvåle Faleide

New Articles

Eit prosjekt der turistar får oppleve turistattraksjonar frå rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, har blitt suksess i Møre og Romsdal. No vil fleire fylke innføre same ordning.

Dette er andre året Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr konseptet «Travel like the locals». I 2017-sesongen var det heile 6.400 turistar som reiste som dei lokale. Det er ein auke på 74 prosent samanlikna med 2016, skriv NRK.

Etter at prosjektet fekk nasjonal omtale har fleire fylke og administrasjonsselskap for kollektivtrafikk elles i landet vist interesse for ordninga. Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, nemner konkret interesse for å starte tilsvarande tilbod i blant anna Hordaland, Rogaland, Oppland og Sogn og Fjordane.

(©NPK)