Hoppveka

Kvalifisert til morgondagens renn

Kvalifisert Anders Fannemel er klar for morgondagens renn i Innsbruck.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel kvalifiserte seg i ettermiddag, utan å imponere, til morgondagens hoppvekerenn i Innsbruck etter eit hopp på 121 meter.

Før kvalifiseringshoppet sa Fannemel at han gjerne skulle hatt eitt hopp til før alvoret tok til, og i det siste treningshoppet strekte han seg ikkje lenger enn til 116 meter. Han sa og så i går at bakken i Innsbruck er litt spesiell.

- Anders må jobbe med teknikken til i morgon, sa NRK-ekspert Johan Remen Evensen etter hoppet.

Fannemel kjempar heilt i toppen i samandraget, og han ligg før rennet i morgon på ein femteplass i samandraget.

Japanaren Kobayashi vann kvalifiseringa etter eit hopp på 131 meter. Fannemel møter italienaren Sebastian Colloredo til "duell" i morgon.