Til legesjekk etter kollisjon i Markane

Store materielle skader etter kollisjonen mellom to bilar på rv 15 nordvest for Skogstjerna onsdag føremiddag.Foto: Bengt Flaten

Bilen som var på veg retning Stryn fekk eine forhjulet nærast slått av. Foto: Bengt Flaten

New Articles

Føraren av den eine bilen er sendt til legesjekk etter kollisjonen mellom to bilar på rv 15 i Markane onsdag føremiddag. Ulukka skjedde på ei rett strekning eit par kilometer nordvest for Skogstjerna.

Politiførstebetjent Vidar Stavik seier til Fjordingen at den eine bilen har kome over i motsett køyrefelt. Årsaka til det er ukjent. Dei to bilane trefte kvarandre støtfangar mot støtfangar, og bilane vart påført store materielle skader i front og på venstre side.

Det var ein person i den eine bilen, og to i den andre. Dei to vart ikkje påført fysiske skader.

-Det var bar veg og godt veggrep på staden, seier Stavik.

Vegen var ein periode stengd, men vart etter kvart opna for manuell dirigering medan bilberging pågjekk.