Bil tok fyr

Ulmebrann i parkert bil i bustadfelt i Stryn

Brannmannskap og politi var raskt på staden seint laurdag kveld.   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Ein bil parkert i Markevegen i Stryn tok til å utvikle ulmebrann seint laurdag kveld. Det var eigarane av bilen som sjølv tilkalla brannvesenet. Brannvesen og politi var raskt på staden og fekk slokka branntilløpet.

Brannmannen riv passasjersetet ut av bilen  Foto: Roger Oldeide

Mykje tydar på at ulmebrannen skal ha starta i bilbatteriet som i denne modellen er plassert under passasjersetet. Det skal ikkje ha vore nokon i bilen når branntilløpet starta.

- Det var ikkje opne flammar i bilen, men det skal vere eit bilbatteri som er under passasjersetet som tok til å utvikle varme og røyk. Noko utover det veit vi ikkje. Det er spesielt, seier polititibetent og innsatsleiar Jan Tore Sunde og brannmann Jan Træen. 

Ulmebrann Ulmebrannen skal ha starta i bilbatteriet som befinner seg under passasjersetet   Foto: Roger Oldeide

Eigarane av bilen er glad det ikkje utvikla seg til bilbrann som vidare tende husa i nabolaget.

- Vi satt inne i stova og såg på TV då vi kjende røyklukt. Vi kika ut og såg det kom røyk ut av bilen vår, fortel eigaren som helst ikkje vil bli avbilda i avisa.

Slik såg kupeen ut etter å ha blitt behandla med pulver  Foto: Roger Oldeide

Dei seier at bilen det dreier seg om er ein 2006-modell Mercedes ML320.


Det er ikkje første gong ein parkert bil tek fyr i Stryn.