Fjordingen for 10 år sidan:

Julegrana i Oldedalen

Nyttårsafta: Gang rundt julegrana i Oldedalen.Foto: Ola Vangberg

New Articles

Fjordingen for 10 år sidan:

Frå før jul og til og med første nyttårsdag er det lys i julegrana ved Høgalmesætra. Kvar kveld er det folk oppe for å fylle bensin på straumaggregatet og syte for lys i grana. Nyttårsafta var det Rune Myklebust som, tradisjonen tru, hadde ansvaret for lyset i grana. Denne kvelden var det ein fin flokk som hadde teke turen til fjells. Der vart det høgtidleg med gang og julesong rundt eit lite juletre, og med fyrverkeri og tenning av lysa i grana då skumringa seig på.