Køyrde ned lyktestolpe

Dette er alt som er igjen av lyktestolpenFoto: Roger Oldeide

New Articles

Grandevegen utanfor Stryn sentrum har ein lyktestolpe mindre etter eit trafikkuhell seint laurdag kveld. Ein personbil med henger skal ha fått sleng på hengeren som slo bort i ein lyktestolpe like ved Stryn stadion.

Stolpen er knekt rett av. Stryn energi er varsla og lyktestolpen er frakta bort frå staden.

Det var føraren av bilen som sjølv varsla om uhellet.

- Dette var eit hendeleg uhell. Det er ikkje mistanke om rus, seier politibetent Jan Tore Sunde.