Gardane blir større, men er framleis godt spreidde

Illustrasjonsbilde.Foto: Oddrun Midtbø/NPK

New Articles

Omfordelinga av tilskot i landbruket har gjort at mjølkebønder og storgardar kjem betre ut, men utan at distriktsprofilen i landbruket er svekt, viser ei ny forskingsrapport frå Ruralis.

Samtidig som dei største bruka får meir i tilskot, produserer dei òg meir enn før. Storgardane, særleg storfe- og mjølkeprodusentane, har dermed vorte styrkte både marknadsmessig og i form av auka tilskot.

– Dei små bruka har relativt sett tapt på begge desse frontane, heiter det i rapporten, som er laga av forskarane Josten Vik, Alexander Zahl-Thanem og Henrik Eli Almaas i Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking.

Rapporten har sett på korleis regjeringa lykkast i å nå hovudmåla i landbrukspolitikken, slik dei er formulerte i jordbruksmeldingane i 2012 og 2017, nemleg auka matproduksjon, framleis landbruk over heile landet, og meir kostnadseffektiv drift.

Vestlandet taper terreng

Distriktsprofilen i landbruket ligg fast, konkluderer forskarane. Støtta blir fordelt på færre bønder, men utan at det favoriserer dei sentrale strøka. I gjennomsnitt får bøndene i Nord-Norge meir i tilskot enn før, men bøndene på Vestlandet taper terreng.

– Det er langt mellom kommunane som kjem godt ut av utviklinga på Vestlandet nord for Rogaland, skriv forskarane. Regjeringa har òg lykkast bra med å gjere jordbruket meir kostnadseffektivt, men samla sett ikkje meir arealeffektivt. Når bruka blir større, blir dei minst gunstige areala oftare lagde ned eller drivne meir ekstensivt, heiter det i rapporten.

Ikkje auka matproduksjon

Dermed ser ikkje forskarane teikn til auka mattryggleik i landet, verken i form av høgare samla matproduksjon eller meir matproduksjon basert på norsk ressursar. Rapporten foreslår tre tiltak som kan betre måloppnåinga for mattryggleik og jordbruk i utsette delar av landet:

* Ei oppjustering av tilskotssatsane for Vestlandet, Agder og Rogaland utanom Jæren

* Eit nytt driftsvansketillegg og tilskot for dei mindre bruka

* Ordningar for å stabilisere kornøkonomien, særleg for matkorn

(©NPK)