Johannes nummer tre

Ny pallplassering Johannes Thingnes Bø vart nummer tre på dagens 20 kilometer i Ruhpolding.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

New Articles

Johannes Thingnes Bø greidde ikkje å kopiere 20-kilometertriumfen frå det første verdscuprennet denne sesongen i Østersund. På dagens normaldistanse i Ruhpolding måtte stryningen sjå seg grundig slått av Martin Fourcade.

Franskmannen viste seg til slutt å vere suveren, sjølv om han gav konkurrentane ein mulegheit då han bomma på det tjuande og siste skotet.

- Eg visste at Fourcade hadde bomma på siste skyting, og eg angreip nok litt for hardt. Eg gjekk for siger i staden for å sikre ein plass på pallen. Det var eit bra løp, og eg gjekk det eg kunne, men ikkje godt nok, sa Thingnes Bø til NRK etter løpet.

Markaneløparen vart til slutt nummer tre. Han måtte også sjå seg slått med fem sekund av tsjekkaren Ondrej Moravec. Moravec var 1.01 minutt bak Fourcade i mål.

Tarjei Bø stod over dagens renn for å stille godt rusta til stafetten fredag og fellesstarten på søndag.