Onsdag ular sirenene

Sivilforsvaret sitt varslingssystem skal testast i heile landet

Illustrasjonsfoto SirenerFoto: Larsen, Håkon Mosvold

New Articles

Onsdag klokka 12 blir Sivilforsvarets varslingssystem testa. Signalet «Viktig melding – lytt på radio» vil bli å høyre i alle kommunar med varslingsanlegg.

Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane, opplyser Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).

Rundt om i Noreg er det om lag 1.250 varslingsanlegg med sirener som kan brukast til å varsle befolkninga ved akutt fare, både i fred og krig. Signala når ut til over halvparten av befolkninga.

Dersom du høyrer signalet utanom varsla testar, betyr det i praksis at du skal søke informasjon i for eksempel radio, TV, sosiale medium og på nettsida kriseinfo.no, opplyser DSB.

Sivilforsvaret testar varslingsanlegga i januar og juni kvart år.