Tarjei står over

Står over i dag Tarjei Bø står over 20 kilometeren i Ruhpolding i dag, men er klar til renna seinare i veka.Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Tarjei Bø går ikkje dagens normaldistanse i skiskyting over 20 kilometer i Ruhpolding. Stryningen har i samråd med støtteapparatet funne ut at det vil vere best for han om han ikkje går distansen.

- Er det sjukdom som gjer at Tarjei ikkje går?

- Nei, Tarjei står over for å vere best muleg framover, han gjekk trass alt tre renn i Oberhof, seier landslagstrenar Egil Kristiansen til Fjordingen. Kristiansen trur at Tarjei vil slå bra ifrå seg på stafetten (fredag) og på fellesstarten (søndag).

Johannes Thingnes Bø skal derimot gå dagens 20 kilometer.

Både Tarjei og Johannes er tekne ut til å gå fredagens stafett som er den siste før OL i Sør Korea.