Posten Norge er nøgd med forslaget frå Samferdsledepartementet om åendre postutdelinga frå fem dagar i veka til annakvar dag.

Samferdselsdepartementet har sendt på høyring eit forslag tilendringar i postlova. Forslaget inneber at det vert opna for åredusere omdelingsfrekvensen av post. Bakgrunnen er digitaliseringasom gir folk, næringsliv og det offentlege tilgang til stadig nyetenester som igjen gir fall i brevvoluma. Posten Norge hartidlegare bedt om endringar i rammevilkåra for å få fleksibilitetsom kan passe med omdelingsnettet i takt med marknadsutviklinga.

–Dei foreslåtte endringane i rammevilkåra er betre tilpassamarknadssituasjonen og legg grunnlaget for å dekke det basisbehovetfolk har for postsendingar. Samtidig vil Posten halde fram med åutvikle tenestetilbodet sitt tilpassa auka e-handel og digitalemoglegheiter, seier konsernsjef Tone Wille i Posten Norge i eipressemelding.

Forslaget til Samferdselsdepartementet byggjer påein rapport utarbeidd av Copenhagen Economics (CE). CE konkluderermed at Postens innspel om 2,5 omdelingsdagar er rimeleg og at denbedriftsøkonomisk optimale distribusjonsfrekvensen til selskapet i2018 ville vore 2,5 dagar i staden for dei fem dagane som er pålagtgjennom dagens rammevilkår.

(©NPK)