Tungbilkontroll på Folven

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

I ein tungbilkontroll på Folven onsdag vart ein førar pålagd døgnkvil. Han vert i tillegg meld for brot på køyre- og kviletidsregelverket for køyring utan kort og for korte døgnkvilar.

Ein førar fekk bruksforbod for sikthindrande ting i frontruta.

Statens vegvesen melder elles om at alle køyretøy var utstyrt med gode dekk og hadde kjettingane på plass.