Norge med Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på laget vann den siste skiskyttarstafetten før OL. I fredagens renn i Ruhpolding gjekk alle dei norske solide løp, og Lars Helge Birkeland (1. etappe), Tarjei Bø (2. etappe), Emil Hegle Svendsen (3. etappe) og Johannes Thingnes Bø (4. etappe) vil etter alle solemerke også utgjere OL-laget i stafett om ein knapp månad.

Tarjei gjekk ein god andre etappe og kom først inn til standplass. Men med tre ekstraskot måtte stryningen sjå fem løparar føre seg ut frå første skyting. Ståande skyting var det derimot ikkje noko å seie på, og inn til veksling låg Norge likt med Italia og Austerrike.

- Totalt sett ein bra etappe synest eg, sa Tarjei etter sitt løp.

Også Johannes kom åleine inn til si første skyting på den siste etappen. Med fullt hus opparbeidde Thingnes Bø seg eit solid forsprang då dei næraste konkurrentane måtte ty til ekstraskot.

Sjølv om markaneløparen måtte ha to ekstraskot på siste skyting gjekk han det norske laget inn til ein kontrollert siger, den fjerde på rad i stafettsamanheng i Ruhpolding. Det norske laget var 25 sekund føre Frankrike, og 53 sekund føre Russland på tredjeplass.

- Eg fekk eit godt utgangspunkt, og det var eg glad for. Eg var ikkje heilt i slag i dag, sa Johannes Thingnes Bø til NRK etter løpet.