Stryn sitt 2. divisjonslag i handball for herrar vann det tette oppgjeret mot Falk Horten 2 i Strynehallen laurdag. Sluttresultatet vart 34-31 til Oli Sveinsson sitt lag, og endeleg kunne laget juble for to poeng.

Anført av målvakt Oddbjørn Håvik, som noterte seg for over 20 redningar, og Nicolas Bakkebø heldt heimelaget hovuda kalde og rodde i land ein svært fortent, og ikkje minst viktig, siger. Pauseresultatet var 14-11 til Stryn.

Også Anders Eikenæs og Julian Hove får ein ekstra pluss i margen, og laget skal ha ros for å løyse Falk sitt forsvarsspel i 2. omgang. Med frimerke både på Leon Pavlovic og Lovro Kresic tok dei andre spelarane ansvar og sørga for siger.

- Ein viktig siger i ein jamn kamp. Vi må vinne kampar som dette, seier målvakt Oddbjørn Håvik, som kanskje spelte sin beste kamp for Stryn mot Falk.

- Fleire presterte i dag, og det er viktig for oss at fleire teiknar seg på scoringslista, seier trenar Oli Sveinsson. Trenaren gir ekstra ros til dei lokale spelarane Julian Hove, Anders Eikenæs, Oddbjørn Håvik og Nicolas Bakkebø, og sistnemde vart kåra til Stryn sin beste.

- Oddbjørn spelte ein veldig god kamp, og Nicolas var avgjerande viktig både i angrep og i forsvar, seier Sveinsson.

Meir om Stryn sin to-poengar i tysdagsavisa.