Norske delikatesser frå fjord og fjell skal gje tyskarar smaken påNorge når Grüne Woche går av stabelen i Berlin 19.–29. januar.

I årer det 60 utstillarar innan mat og reiseliv frå dei firevestlandsfylka, Trøndelag og Fjell Norge som skal representereNorge på den kjende matmessa. Spennvidda til dei norske bidraga erstor. Kvar av dei tre regionane har utarbeidd eigne menyar og vilservere smaksprøvar med lokale delikatesser. Smaksprøvane inneheldbåde tradisjonsmat og mat og smakar sett saman på nye måtar.

Kjende råvarer – nye smakar

– På messa blir det mellom anna servertgravlaks med trøffeltang eggerøre og villsautartar med honning ogramsløk, opplyser Innovasjon Norge i ei pressemelding. InnovasjonNorge er saman med den norske ambassaden i Berlin og Landbruks- ogmatdepartementet ansvarleg for den norske deltakinga under denstore matmessa.

Viktig møteplass

Den grøne veka i den tyskehovudstaden er ein viktig møteplass for alle som arbeider iskjeringspunktet mellom mat, opplevingar og reiseliv. Der når deiut til eit stort publikum. Grüne Woche er ei av dei største messenefor mat i heile verda. Til saman er det venta rundt 450.000besøkjande.

I samband med den store messa deler Innovasjon Norgetorsdag 18. januar ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Kvartfylke har tidlegare stemt fram ein vinnar som no konkurrer om dennasjonale prisen på 250.000 kroner.

(NPK)