– Vi ser at det blir for dyrt å halde oppe posttenestene slik deier i dag, men vi vil lytte til alle som blir påverka av det nyepostforslaget, seier statssekretær Tommy Skjervold (Frp) iSamferdselsdepartementet.

Reaksjonane i mediebransjen har voresterke etter at det blei kjent at departementet føreslår at det frå2020 kan bli postombering berre annankvar dag i heile landet.Generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser, Rune Hetland,fryktar det kan blir dødsstøyten for mange lokalaviser.Statssekretæren avviser at departementet ønskjer å ramma dei minsteavisene.

– Vi har ingen agenda om å ramme lokalavisene, men vi serat det blir for dyrt å halde oppe posttenestene slik dei er i dag,seier Skjervold til Nynorsk pressekontor. Han strekar under atforslaget skal ut på høyring og forsikrar at departementet villytte til signala som kjem frå alle som blir ramma av forslaget.

– Har ikkje råd

Skjervold forsvarar likevel forslaget og viser til atvi sender stadig mindre brevpost, og at meir og meir avkommunikasjonen skjer digitalt. Resultatet er at tenestene tilPosten blir meir og meir ulønsame. Ifølgje statssekretæren går denleveringspliktige postomdelinga til Posten i dag med underskot.

–Vi har ikkje råd til å bruke hundretals millionar kvart år for åhalde oppe eit tilbod når vi ser at marknaden og etterspurnaden gårdrastisk ned, seier han. Dei siste fem åra har regjeringa ifølgjeSkjervold brukt rundt ein milliard kroner på å halde oppe ulønsametenester for Posten.

– Må tilpasse oss ein ny kvardag

Statssekretæren meiner alle må tilpasse seg ein ny digital kvardag,og seier regjeringa arbeider på spreng for at alle skal kunne tadel i det digitale samfunnet.

– Vi ser også at lokalavisene istadig større grad tek i bruk internett og digitale avisabonnement.Det er no berre tusen eller to tusen husstandar som ikkje har eitminimumstilbod om digital tilgang for å kunne lese aviser, loggeseg inn i nettbank og liknande tenester, seier han. Skjervold seierregjeringa vil leggje til rette for at dei siste hola ibreibanddekninga blir tetta så snart som mogleg slik at ein oppnår100 prosent dekning.

– Dette vil mellom anna skje gjennom statlegetilskot. I 2018 er det løyvd rundt 150 millionar kroner til dette.

Nei til geografisk delt løysing

I arbeidet med det nyepostforslaget har departementet sett på fire ulike alternativ. Eittav forslaga gjekk ut på å halde fram med postutdeling som i dag igrisgrendte strøk, men redusere talet på postdagar til annankvardag i byar og tettbygde strøk. Departementet konkluderte med atdette blei for dyrt.

– Alternativet med å halde oppe fem dagarspostutdeling i distriktet og kutte ned i byane, løyser ikkje deiøkonomiske utfordringane, seier Skjervold. Han forklarer at deistørste kostnadane og dei største innsparingane er knytte tilpostutdeling i distriktet.

– Fordi kostnadane er så pass høge, ogfordi marknaden blir meir og meir digital, har vi valt å leggje osspå ei løysing med postutdeling 2,5 gonger i veka og ikkjedifferensiere mellom by og bygd.

– Ikkje nedprioritering av distrikta

Statssekretæren er klar over at forslaget vil påverkefolk i distriktet som er vande med å få avisa i postkassa kvar dageller på faste dagar.

– Desse ønskjer vi å lytte til i den høyringavi har ute, seier han.

– Betyr ikkje det at de no lagar eit systemsom passar i sentrale strøk og at distriktet blir nedprioritert?

–Eg er ikkje einig i at distrikta blir nedprioritert. Vi ønskjer einlik praksis i heile landet, og så har det sine fordelar og ulemperå bu i distriktet, men generelt er regjeringa oppteken av at einskal ta heile Norge i bruk. Ifølgje høyringsnotatet til regjeringaer det maksimalt 30.000-35.000 eldre og rørslehemma i grisgrendtestrøk som truleg ikkje har tilgang til alternativ til Posten tilein overkommeleg pris, og heller ikkje har digital kompetanse.

Stortinget avgjer

– Det blir gong på gong peika på at postomdelingaer for dyr, og at ein må spare, men kva er det overordna målet?

–Det overordna målet er å sikre rasjonell bruk av pengane tilskattebetalarane våre. Vi ser at marknaden for fysisk post harstupt, men kostnadane er der framleis. Det betyr at vi er nøyddetil å tilpasse tilbodet etter etterspurnaden, seier Skjervold.

–Men det finst også andre omsyn og eit lovpålagt krav om at folk harrett til post fem dagar i veka?

– Ja, og dersom vi vel å stå fastpå postomdeling 2,5 dagar i veka etter at høyringa er avslutta, måsaka sendast til Stortinget, og det må gjerast ei lovendring. Deter difor ikkje noko som er endeleg, seier Tommy Skjervold. Fristenfor å kome med høyringsmerknader til det nye postforslaget er 6.april.

Fakta om det nye postforslaget

* Inneber atpostomdelinga kan blir endra frå fem dagar til annakvar dag i heilelandet.

* Omlegging vil tidlegast bli innført frå 2020.

*Regjeringa reknar med å spare opp mot ein milliard kroner påomlegginga.

* Ordninga med post i butikk blir ikkje ramma.

*Regjeringa opnar også for å påleggje Posten å tilby postkassar vedalle faste ekspedisjonsstader. Dette meiner departementet vil sikredagleg utlevering av postsendingar.

(©NPK)