Statens vegvesen har gjennomført to tungbilkontrollar ved Kjøs bru.

I den første kontrollen, som vart gjennomført onsdag, vart det registrert følgjande resultat:

Ein sjåfør hadde punktert dekk på tilhengaren, og måtte på verkstadfor å reparere dette. Ein sjåfør hadde ikkje tilstrekkeleg talkjettingar, og måtte skaffe fire stk før vidare køyring. Han fekk itillegg 1.000 kr i gebyr for dette. Eitt køyretøy hadde feil påfartsskrivaren, og måtte reparere denne. Eitt køyretøy hadde knust frontrute, ogfekk krav om etterkontroll på dette. Eitt firma vart oversendt tilbedriftskontroll på køyre- og kviletid på grunn av at bilen varkøyrt ein god del utan kort i kontrollperioden. Vidare fekk ein bilførar gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring, og sju stk fekkbruksforbod for å ha gjenstander i siktsone/frontrute. Desse måttefjerne dette før videre køyring.

I kontroll nummer to, som vart gjennomført onsdag kveld/natt til torsdag, vart det skrive ut to mangellappar for tekniske manglar. Ein førarfekk bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta. Ein førar fekkgebyr for manglande vognkort.