Eg er bekymra for lokalavisa mi. Kvifor? Fordi eg likar å lese den.Det er mi lokalavis. Stryn si lokalavis. Hornindal si lokalavis.Det er ikkje alt eg er like interessert i sjølvsagt, men eg les detaller meste. No er eg bekymra. Ja, eg er einig med ordførar SvenFlo angåande redaktøren. Som ansvarleg for det redaksjonelle iavisa har han spelt ei rolle eg meiner er uheldig.

Kva skjervidare? Vil Fjordingen vere ei lokal-avis også for Hornindal iframtida, eller vil det vere meir naturleg at Møre blir lokal-avisfor bygda? Kva skjer vidare? Vil Fjordingen vere ei lokalavis ogsåfor Hornindal i framtida, eller vil det vere meir naturleg at Møreblir lokalavis for bygda? Vil det sterke fokuset redaktøren harhatt på at Hornindal har det betre nordover, gjere noko medtilknytinga den vanlege stryning har til avisa, og vil det verenegativt i forhold til annonsørar? Honndøler som har ei annameining enn redaktøren, korleis reagerer dei på den einsrettatilnærminga redaktøren har hatt i saka? Er det andre enn meg sommerkar at dei les avisa med eit kritisk blikk? Kvifor er det berregladsaker som blir referert frå Volda? Er det fordi eg er blitt ioverkant skeptisk, eller er det ein strategi redaktøren har for årettferdiggjere sitt eige syn?

Vil det i framtid vere referert fråkommunestyremøte, utvalsmøte og formannskapsmøte i nye Voldakommune? Kor interessant er dette i så fall for den jamne lesar avlokalavisa? Kommunesamanslåinga har alt ført til at det blirendringar i lange samarbeid som har vore mellom Stryn og Hornindal.

Ei fylkesgrense i Kjøs er problematisk også i forhold til omelevane i Hornindal får plass på dei vidaregåande skulane iNordfjord. Vil fylkesgrensa og tilknytinga til Volda no også gåutover lokalavisa vår? Vil færre abonnere og annonsere i avisa slikat grunnlaget for å ha nok journalistar i jobb fell bort? Eg håparsjølvsagt ikkje det, men ser heilt klart at det kan verte eitresultat av det som er skjedd. Har redaktøren vore med og skubbasine eigne tilsette og si eiga avis i retning på veg utfor stupet?

Torstein Tvinnereim

varaordførar Stryn kommune