Flo tilbake til Sogndal?

Sogndal: Ulrik Flo trenar for tida med Sogndal.  Foto: Stig Høynes

New Articles

Ulrik Flo trenar for tida med Sogndal, og han spelte mellom anna i laget sin treningskamp mot Lillestrøm i helga. No er han også med sogningane på treningsleir. Om han får tilbod om kontrakt vil tida vise:

- Ulrik er med oss til Gran Canaria i 14 dagar. Han viser gode takter både og utanfor bana, så det ser lovande ut. Vi kjem til å ta ei avgjerd på framtida etter denne perioden, seier sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, til Fjordingen.

Frå 2007-2015 spelte Flo nærare 200 kampar for Sogndal før turen gjekk vidare til Odd, Silkeborg og Fredrikstad, der han var kaptein på laget som rykka ned frå 1. divisjon i fjor.