Fannemel i rute

Anders Fannemel i Willingen.   Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel ser ut til å vere i rute til OL. I dagens verdscuprenn i Willingen låg hopparen frå Hornindal  på 13. plass etter å ha hoppa 139 m i første omgang. Dette er verdas største storbakke, med ein bakkerekord på heile 152 m, og det vart lange hopp på dei fire i toppen: Kamil Stoch, Polen med 146 m, Richard Freitag, Tyskland med 149,5 m, David Kubacki, Polen med 145 m og Daniel Andre Tande med 148 m.

I andre omgang hoppa Anders Fannemel 136,5 m, og avanserte med det opp til 11. plass.

Daniel Andre Tande vann rennet etter eit hopp på 146,5 m, og fekk selskap av Richard Freitag og David Kubacki på pallen.

Johann Andre Forfang vart nummer 7 og Robert Johansson nummer 8.

Anders Fannemel ligg no på 8. plass i verdscupen:

NameNationrankptsrankptsrankpts
FREITAG Richard GER181727665
STOCH Kamil POL2783111092110
WELLINGER Andreas GER3710210391516
TANDE Daniel Andre NOR46658992280
KRAFT Stefan AUT544420859929
KOBAYASHI Junshiro JPN643441021
FORFANG Johann Andre NOR74299977301
FANNEMEL Anders NOR8401310211615
JOHANSSON Robert NOR939851009450
KUBACKI Dawid POL1037961003
EISENBICHLER Markus GER1136079941026
STJERNEN Andreas NOR12329198871100
HULA Stefan POL13298129571418
DAMJAN Jernej SLO1428310974292
GEIGER Karl GER1527511970

(Tabellen viser verdscupen samanlagt med poeng, Den tysk-austerrikske hoppveka med poeng og skiflygingscupen med poeng)