Superhelg for 4H-arane

Bli kjent-leikar er kjekt! Bilde frå ei tidlegare Superhelg med 4H.   Foto: Torgeir Timenes Bell

New Articles

Over 140 unge og vaksne frå heile Sogn og Fjordane er i helga samla på Skei til årets Superhelg i 4H.
Tre store arrangement vil gå av stabelen under fellesnamnet Superhelg i 4H, ei helg med mykje aktivitet og moro. Det vert styrekurs for 4H-medlemmane, inspirasjonssamling for dei vaksne i 4H og på søndag vert helga avslutta med fylkesårsmøte, opplyser Sogn og Fjordane 4H i ei pressemelding.

100 4H-arar frå 10 år og oppover møttest på Skei skule til bli kjent-leikar og årsmøteopplæring i går. I dag vert deltakarane delt i ulike kurs, alt etter kva verv dei har i styret. Det vert mellom anna kurs for leiar og nestleiar, sekretær og kasserar - i tillegg til kurs for dei som er nye i klubbstyret, og eit for ringrevane, dei litt meir erfarne.

I  helga samlast også nærmare 40 vaksne ressurspersonar i 4H til inspirasjonssamling på Thon Hotel Jølster. Gjennom samlinga vil dei få påfyll i form av nye idear og ny kunnskap som dei kan ta med seg vidare i arbeidet som frivillig i 4H. Cidi Nzita, som kom frå Angola til Norge og Florø som sjuåring i 2003, vil kome på besøk denne helga. Han vil fortelje si historie om det å vekse opp i Norge som ung innvandrar, og vil også dele sin tankar rundt temaet inkludering. Nzita vil også møte deltakarane på styrekursa.

– Eg gler meg veldig til Superhelg i 4H, smiler Eirik Førde frå fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane. Han held fram: – 4H er basert på frivilligheit. Utan dei frivillige ville vi ikkje kunne ha drive organisasjonen vår. Dermed tykkjer eg det er særs viktig å ta vare på dei som gjer denne viktige jobben, mellom anna ved å tilby fagleg og sosialt påfyll som ein får på inspirasjonssamlinga. Det å møte andre vaksne frivillige er viktig for å byggje nettverk, samt å få nye impulsar. Fylkesårsmøte Søndag morgon vert mange av deltakarane på styrekursa og inspirasjonssamlinga med vidare på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa, og er også ope for dei som ikkje er med elles denne helga. – All den flotte ungdommen som vert samla for å gjere seg trygge i si rolle i klubbstyret, alle dei dyktige og hyggjelege frivillige som forhåpentlegvis vert inspirert til vidare arbeid, gode diskusjonar under årsmøtet og eit godt sosialt miljø - alt i ei super helg! avsluttar Førde.