11 prosent vil velje elbil neste gong

Elbil: Nordmenn vil i år truleg kjøpe fleire elbilar enn resten av dei nordiske landa til saman, viser ei undersøking.   Foto: Heiko Junge/ NTB scanpix/NPK

New Articles

Nordmenn vil i år truleg kjøpe fleire elbilar enn resten av dei nordiske landa til saman, viser ei undersøking.

Elleve prosent av dei spurde nordmennene vil kjøpe elbil neste gong dei skal kjøpe bil, viser undersøkinga, som Opinion har gjennomført for Norsk elbilforening og Nordisk Energiforsking. Norge ligg dermed langt føre dei andre nordiske landa.

I Sverige er delen som vil velje elbil neste gong, 4 prosent, i Danmark 2 prosent, Finland 1 prosent og Island 8 prosent. Det spådde salet for 2018 er høgare for Norge enn resten av Norden til saman, ifølgje Elbilforeininga.

Bekymra for rekkevidda

Dei politiske intensiva er avgjerande for eit skifte i personbiltrafikken, slår foreininga fast.

– Norske forbrukarar er klare for elbilskiftet. No er det opp til politikarane og industrien å bidra med sitt, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening. Dei norske bilkjøparane meiner den største barrieren for å velje elbil er rekkevidda og dernest lademoglegheitene.

Berre 6 prosent svarer at elbilane er for dyre. I nabolanda våre er prisen derimot den viktigaste grunnen til at folk ikkje vel elbil. Lademoglegheitene er dei òg bekymra for.

Ventelister

I fjor var marknadsdelen for elbil 21 prosent her i landet. Nærare 150.000 elbilar var registrerte i Norge ved årsskiftet. Elbilforeininga viser til at det no er lange ventelister på mange modellar. Bu trur etterspørselen kjem til å vere større enn det produsentane er i stand til å levere på kort sikt.

– I tillegg treng vi ei storstilt utbygging av ladestasjonar for å dekkje behovet til alle dei nye elbilane, som politikarane sterkt oppmodar folk å byte til, seier ho. 44 prosent av dei spurde trur ikkje politikarane vil følgje opp med ein offensiv elbilpolitikk fram mot 2025, ifølgje elbilbarometeret.

(©NPK)