- Ingen ting å fly på

Anders Fannemel i storbakken i Willingen.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel gjorde eit godt hopp under gode forhold i første omgang storbakken i Willingen i føremiddag.

- Eit fantastisk flott hopp. Anders Fannemel er flink til å bruke slike forhold, dette er veldig nær eit topphopp, sa NRK sin ekspertkommentator Anders Jacobsen då honndølen landa på 143 m.

Hopparen frå Hornindal låg på 8. plass etter første omgang, medan lagkamerat Johann Andre Forfang leia etter å ha strekt seg til 147,5 m.

I andre omgang fekk Fannemel tunge forhold, fall igjennom og nådde ikkje K-punkt. Med 124 m rykka han nedover lista til ein 16. plass.

- Her var det ingen ting å fly på. Det kjendest nok heilt luftdødt, sa Anders Jacobsen om Fannemel sitt hopp.

Johann Andre Forfang forsvarte plassen etter 1. omgang og vann rennet etter å ha hoppa 144,5 m i andre omgang. Han fekk selskap på pallen av Kamil Stoch (140,5 m) og Pjotr Zyla (138,5 m).

Det var sterkt varierande forhold i rennet, noko som mellom anna verdscupleiar Freitag fekk merke. Etter ein 28. plass i dag må han også gje frå seg guletrøya til polske Kamil Stoch.

Resultat for dei 20 beste i dagens renn i Willingen:

RankBibNameTot. Points
152FORFANG Johann Andre271.4
255STOCH Kamil269.4
342ZYLA Piotr245.1
450JOHANSSON Robert243.0
553TANDE Daniel Andre240.5
648EISENBICHLER Markus236.7
749KUBACKI Dawid236.6
839KOT Maciej236.2
929DEZMAN Nejc235.6
1054WELLINGER Andreas233.1
1119SATO Yukiya231.7
1246HULA Stefan231.0
1312ALTENBURGER Florian224.2
1445DAMJAN Jernej223.1
1541SEMENIC Anze222.2
1651FANNEMEL Anders220.0
1737BARTOL Tilen219.6
1840LEYHE Stephan214.8
1938GRANERUD Halvor Egner209.1
2043PREVC Peter206.6

(Kjelde: Fis-Ski.com)

Stillinga i verdscupen etter dagens renn i Willingen:

STOCH Kamil POL1863111092110
FREITAG Richard GER282027665
WELLINGER Andreas GER3736210391516
TANDE Daniel Andre NOR47108992280
FORFANG Johann Andre NOR55299977301
JOHANSSON Robert NOR644851009450
KRAFT Stefan AUT744420859929
KOBAYASHI Junshiro JPN843441021
FANNEMEL Anders NOR9416310211615
KUBACKI Dawid POL1041561003
EISENBICHLER Markus GER1140079941026
STJERNEN Andreas NOR12334198871100
HULA Stefan POL13320129571418
ZYLA Piotr POL14310159151714
DAMJAN Jernej SLO1530110974292

(Tabellen viser verdscupen samanlagt med poeng, Den tysk-austerrikske hoppveka med poeng og skiflygingscupen med poeng)

Kjelde: Fis-Ski.com