Ber kommunane førebu seg på lærarnorma

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

New Articles

Lærarnorma skal tre i kraft frå august 2018. No minner Kunnskapsdepartementet kommunane på at det hastar å skaffe fleire lærarar til skulestart til hausten.

– Lærarnorma trer i kraft i august 2018. Det er difor viktig at kommunane startar planlegginga allereie no med tanke på å rekne ut årsverksbehov, utlysing av stillingar og så vidare, heiter det i brevet som Kunnskapsdepartementet har sendt til alle kommunane i landet, ifølgje Kommunal Rapport.

Departementet har enno ikkje full oversikt over kor mange lærarar kvar enkelt kommune vil trenge på kvar skule, eller kor mykje pengar kommunane vil få frå staten for å finansiere reforma.

– Av konkrete tiltak har vi blant anna bedt Utdanningsdirektoratet lage eit planleggingsverktøy for kommunane, slik at dei kan rekne ut behovet for lærarårsverk på kvar enkelt skule, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) til Kommunal Rapport. (NPK)