Naturvernforbundet meiner friluftsområde blir nedprioriterte

Illustrasjonsbilde.  Foto: Andrea Øien Sæverud/NPK

New Articles

Naturvernforbundet meiner vegprosjekt blir prioritert framfor dyrka mark og friluftsområde i for mange vegprosjekt.

– Vi burde ha brukt meir pengar på vedlikehald og utbetre dei vegane vi allereie har. Då blir konsekvensen for naturen mindre, seier fagsjefen i Naturvernforbundet, Holger Schlaupitz, til NRK.

På heimesidene sine listar Naturvernforbundet opp fleire vegprosjekt dei meiner er i konflikt med naturinteresser. Mellom anna nemner dei ferjefri E39. Fleire av trasevala i mange av utbyggingsprosjekta går utover matjord og våtmark som er viktig for fuglelivet.

– Vi må ta omsyn til natur, friluft og matjord. Då kan ikkje kortast mogleg reiseveg vere det viktigaste i samferdslepolitikken, seier Schlaupitz.

(©NPK)