Tok nytt førarkort på Kvivsvegen

Ein bilførar har mista førarkortet etter ei gjennomsnittsmåling av fart i Eidsnakktunnelen.

Illustrasjonsfoto 

New Articles

(Smp) Tok nytt førarkort på Kvivsvegen

I følgje Møre og Romsdal politidistrikt har politiet teke førarkortet frå ein bilførar som heldt for høg gjennomsnittsfart.

Målinga skjedde i Eidsnakktunnelen, ein av tunnelane på Kvivsvegen mellom Volda og Hornindal.

– Farten i seg sjølv var ikkje grunnlag for førarkortbeslaget, men sjåføren hadde for mange prikkar frå før, opplyser operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Politiet i Møre og Romsdal.

Snittfarten blei i ei mobil måling målt til 105 km/t.

Fredag mista ein annan bilførar førarkortet i Kvivstunnelen.

Saka vart først publisert på smp.no