8.000 kroner i gebyr

Illustrasjonsbilde.  Foto: Hans Holmøyvik

New Articles

Måndag kveld/natt til tysdag hadde Statens vegvesen tungbilkontroll ved Kjøs bru.

To sjåførar fekk skriftleg advarsel på grunn av brot på køyre- og kviletidsreglane, eitt transportfirma fekk 8.000 kroner i gebyr for ikkje å ha gyldig autopassbrikke (bombrikke), tre sjåførar fekk bruksforbod for gjenstandar i frontruta, og dette måtte fjernast før vidare køyring.

Ein sjåfør måtte korte inn lengda på vogntoget på grunn av at det vart målt til over lovleg lengde, ein sjåfør hadde sikra lasta for dårleg og måtte sikre betre før han fekk forlate kontrollplassen, skriv Statens vegvesen i sin kontrollrapport.

I alt 18 køyretøy vart kontrollerte.