Måtte ta seg ein kvil

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Statens vegvesen gjennomførte ein ny tungbilkontroll ved Kjøs bru tysdag kveld/natt til onsdag.

Av kontrollrapporten går det fram at ein sjåfør vart pålagd døgnkvil før han kunne køyre vidare, og to sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før dei kunne halde fram turen.

19 køyretøy vart kontrollerte.