Regjeringa vil innføre tredelt foreldrepermisjon for barn fødde etter 1. juli i år

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).  Foto: Thomas Haugersveen

New Articles

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) seier ho vil leggje fram eit forslag om tredeling av foreldrepermisjonen i god tid før sommaren.

– Det er Stortinget som avgjer kor raskt saka kan behandlast, men eg jobbar for at den nye ordninga med éin del til mor og far og éin valfri del skal gjelde for barn fødde frå og med 1. juli 2018, seier Helleland til NTB. I den nye regjeringsplattforma står det klart uttrykt at foreldrepermisjonen skal delast i tre like delar. For første gong slår Helleland no fast at reforma allereie kan komme på plass neste år, i tide til å omfatte barn fødde frå sommaren av.

– Eg tar sikte på å leggje fram saka så raskt som råd, slik at Stortinget har høve til å behandle henne før sommaren, seier ho.

(©NPK)