OL normalbakke

Fannemel vraka

Tribuneplass: Anders Fannemel må sjå første OL-konkurranse i hopp frå tribuneplass.  Foto: Tadeusz Mieczynski (arkiv)

New Articles

Anders Fannemel hoppar ikkje dagens kvalifisering til rennet i normalbakke i OL. Dermed må honndølen vere tilskodar når første hoppkonkurranse går av stabelen.

– Det er prestasjonane dei siste tre treningane vi har hatt som ligg til grunn for avgjerda. Det var ganske klart eigentleg. Det var dessverre slik at Fannemel aldri kom ordentleg i gang, fann ikkje ut av bakken og hadde litt teknisk trøbbel, så det vart ganske stor avstand mellom ham og Stjernen, fortel landslagssjef Alexander Stöckl til Eurosport.no.

På bakgrunn av treningsresultata vil det norske laget bestå av Johann Andre Forfang, Robert Johansson, Andreas Stjernen og Daniel-Andre Tande.