Betydeleg skredfare onsdag

Skred Illustrasjonsfoto (Arkiv)  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Varsom.no melder om faregrad 3, eller betydeleg skredfare i Indre Fjordane onsdag.

- Nedbør og kraftig vind fører til stor snøtransport inn i V-N-Ø renner, søkk og lesider. Dette gir pålagring og byggjer fokksnøflak. Stigande temperatur vil kortvarig svekke bindingar i snøen. Der er og svake lag av kantkorn og rim i alle himmelretningar, men desse skal ha større tilleggsbelastning for å påvirkast, heiter det av varselet for onsdag.

For i dag tysdag melder varsom.no om faregrad 2 / moderat skredfare og oppmodar om å vere forsiktig i område brattare enn 30 grader.

- Hold avstand mellom kvarandre ved ferdsel i bratt terreng. Det er størst sannsynlegheit for å løyse ut skred på kul-formasjonar i terrenget der fokksnøen er mjuk. Sjå etter områder der vinden nylig har lagt frå seg fokksnø, typisk bak ryggar, i renneformasjonar og søkk. Lokale vindeffektar og skiftande vindretning kan gi stor variasjon i kor fokksnøen legg seg.

Snø som sprekk opp rundt skia/brettet er eit typisk faretegn.

Meir om skredvarsling her.