Driftsresultatet for Tine i fjerde kvartal i 2017 var 10 prosent svakare enn i same periode året før. Siste kvartal enda på 281 millionar kroner, ein nedgang på 28 millionar kroner.

For året som heilskap fall driftsresultatet 179 millionar kroner til 1.537 millionar kroner frå 2016 til 2017. Innan kategorien meieri var utviklinga svakt positiv, men i volum gjekk det nedover. Salet av søtmjølk fortset å falle, noko som ifølgje selskapet kjem av at enkelte variantar av Tine-mjølk ikkje lenger blir tilbydd av alle kjedene. Salet av ost har falle både i verdi og volum etter god vekst i fleire år.

– Vi er ikkje fornøgde med utviklinga. Vi fortset å gjennomføre forbetringar i alle delar av verdikjeda. Det er også avgjerande at Tine styrkjer forbrukardialogen og blir flinkare til å respondere raskare på forbrukartrendar, seier konsernsjef Hanne Refsholt i ein kommentar.

Samtidig gler ho seg over at nylanseringar som osten Østavind har slått an.

Yoghurt-salet fall i både verdi og volum i fjor, og konsernsjefen varslar ein innovasjonsjobb innanfor ein marknad prega av betydeleg konkurranse.