Mange er spente på om pukkellaksen kan ha etablert seg i norskeelvar etter invasjonen som var sist sommar.

Norsk institutt fornaturforsking (Nina) registrerte 5.500 pukkellaks i 2017. 2.950 avdesse vart fiska opp av sportsfiskarar i elvane, medan 2.180 vartmålretta tatt ut med garn, harpunering og andre metodar. Forskaraneer usikre på kva konsekvensar pukkellaks kan ha for livet i elvanevåre.

– Den store førekomsten betyr at det er fare for etableringav pukkellaks i fleire norske elvar. Når framande artar spreierseg, er det ofte vanskeleg å føreseie konsekvensane. Pukkellaks kanha sjukdommar og parasittar som smittar annan fisk, men dette finstdet lite kunnskap om, seier forskar Eva Thorstad på nettsidene tilNina.

Det er derimot lite sannsynleg at krysningar mellompukkellaks og laks eller aure resulterer i levedyktig avkom, skrivnina.no. I Stillehavet er pukkellaksen den mest talrike laksearten.I elvane i Norge høyrer han derimot ikkje heime, men det bleiregistrert pukkellaks i ein del elvar her i landet både i 2015 og2016. Difor er forskarane i Nina spente på om det kjem pukkellaksogså i år.

– At pukkellaks vart observert i store mengder overheile landet i 2017, viser at arten kan spreie seg over storeområde når forholda ligg til rette. Viss forholda er gunstige, kanvi forvente mykje pukkellaks i 2019. Men så lenge det finstpukkellaks som har etablert seg i Russland og Finnmark vil det vereein fare for ein stor førekomst igjen også seinare, seier Thorstadtil nina.no.

(©NPK)