Anders Fannemel får heller ikkje hoppe OL-konkurransen i stor bakke. Etter positive takter på trening onsdag såg det lovande ut i forhold til Andreas Stjernen som Fannemel måtte kjempe med om ein plass på det norske laget.

Men sjølv om Fannemel hadde det femte lengste hoppet i dagens siste treningsomgang hjalp det lite då Andreas Stjernen hoppa lenger enn honndølen i alle treningshoppa. Dermed må Fannemel nok ein gong sjå eit olympisk renn i Pyeongchang frå tribuneplass, også under rennet i normalbakken var han sett på sidelinja.

Norge stiller med same lag som i normalbakken: Robert Johansson, Johann Andre Forfang, Daniel Andre tande og Andreas Stjernen.

Fannemel var sjølvsagt skuffa etter vrakinga, og han skal foreløpig ikkje ha fått nokon forklaring frå landslagstrenar Alexander Stöckl.

Kvalifiseringa til storbakkerennet går fredag. Seinare i OL er det lagkonkurranse, om Fannemel blir ein del av det norske laget der er pr i dag usikkert men Alexander Stöckl vil ikkje avskrive Fannemel når det gjeld å få vere med der.