Politiet i Stryn åtvarar mot at utanlandske pengevekslarar igjen kan dukke opp i butikkar lokalt.

- Vi har fått meldingar om slik aktivitet i Trøndelag dei siste dagane. Dei som driv slik aktivitet flyttar raskt på seg. Difor er det all grunn til å be folk vere oppmerksomme. Kjem det folk inn i butikken med spørsmål om å veksle pengar, er det berre å avvise dei. Dei har sine eigne teknikkar som gjer at folk fort blir lurte, åtvarar lensmann Lasse Trosdahl.